NM maraton 2020

Jølster Maraton er stolte av å skulle arrangere norgesmesterskapet i maraton i Jølster.  NM maraton inngår i arrangementet Jølster Maraton laurdag 4. juli 2020.

For påmelding til NM maraton går du gjennom den ordinære påmeldinga, og hukar av for NM. Husk at for å delta i NM, må du vere medlem av ein friidrettsklubb tilknytta Norges Friidrettsforbund (NFIF). Utøvarar med ikkje-norsk statsborgarskap må ha dispensasjon frå NFIF.

Påmeldingsfrist for NM er sett til 19.juni. 

Det delast ut gull-, sølv- og bronsemedaljar i fylgande klassar:

  • U23: 18-22 år (fødd 2002-1998)
  • Senior: 23-34 år (veteran deltar også i seniorklassen)
  • Veteran: 35-39, 40-44 etc

Det vil bli utarbeidd eiga resultatliste for NM-deltakarane. Deltakarane vil også vere med på den ordinære resultatlista.

Det vil ikkje vere tillatt med følgesykler (coaching) eller langing av drikke i løypa utanfor arrangøren sine drikkestasjonar.

Vi ynskjer deg velkomen til Jølster og NM i maraton!