NM maraton 2021
Jølster Maraton er stolte av å skulle arrangere norgesmesterskapet i maraton i Jølster. NM maraton inngår i arrangementet Jølster Maraton laurdag 3. juli 2021.
For påmelding til NM maraton går du gjennom den ordinære påmeldinga, og hukar av for NM. Husk at for å delta i NM, må du vere medlem av eit idrettslag tilknytta Norges Friidrettsforbund (NFIF). Utøvarar med ikkje-norsk statsborgarskap må ha dispensasjon frå NFIF.
Påmeldingsfrist for NM er sett til 18.juni.
Det delast ut gull-, sølv- og bronsemedaljar i fylgande klassar:
- U23: 18-22 år (fødd 2003-1999)
- Senior: 23-34 år (veteran deltar også i seniorklassen)
- Veteran: 35-39, 40-44 etc
Det vil bli utarbeidd eiga resultatliste for NM-deltakarane. Deltakarane vil også vere med på den ordinære resultatlista.
Det vil ikkje vere tillatt med følgesykler (coaching) eller langing av drikke i løypa utanfor arrangøren sine drikkestasjonar.
Vi ynskjer deg velkomen til Jølster og NM i maraton!