Namn: Eivind Øygard
Alder: 31 år
Bustad: Jølster
Klubb: Jølster IL
Favorittdistanse: 3000 meter på bane og 10 km gateløp
Beskriv deg sjølv med tre ord: Grei, tolmodig og dedikert.
Kva trening likar du best?
Eg er glad i det meste av trening. Det varierer litt kva for trening eg liker best, men innan løp er eg glad i lengre terskeløkter på våren og konkurransespesifikke økter med gode bein sommarstid. Men generelt sett er det lite som slår lange, rolege randonee-turar i barisføre oppover og puddersnø nedover.
Korleis ser ei typisk treningsveke ut for deg?
I grunntreningsperioden oktober – mai: 140-160 km springing fordelt på 13 økter. Fire av desse er kontrollerte terskeløkter, ei litt hardare intervalløkt og resten roleg. I tillegg snittar eg rundt to-tre timar alternativ uthaldstrening og to-tre styrkeøkter i veka.
Meir detaljert:
Dag | ||
Måndag | 5x6min lågterskel motbakke 5%. | 25x400m terskel. P: 30. |
Tysdag | 60min RLK langrenn på jobb. | 12-15km roleg løp + rehab/prehab |
Onsdag | 4-5x2000m lågterskel. P: 1min. | 10x1000m terskel. P: 1min. |
Torsdag | 60min RLK langrenn på jobb + 6km løp. | 20km roleg løp. |
Fredag | 11km roleg løp. | 6km roleg + drill, drag (5×100), vektstyrke bein og prehab/rehab |
Laurdag | Bakke 5-8%. 2x10x200m. Hardt. | 10km roleg løp/alternativt eller 6-8km lågterskel. |
Søndag | 12km roleg løp + drill, drag (5×100), vektstyrke bein og prehab/rehab | Topptur og/eller 6-7km roleg løp |
Deltek du ofte i konkurransar?
Eg har ikkje ført statistikk på dette, men vil anslå rundt 15 konkurransar i året, som er relativt sjeldan. Tel ein med hareoppdrag blir det ein del meir. Dessverre har eg konkurrert mindre dei siste åra grunna skader og sjukdom, men ønsker å konkurrere meir i år.
Om du har bestemte ritual før konkurranseløp, kva er det?
Eg følgjer relativt faste prosedyrar for trening, oppvarming, søvn og matinntak før løp, men prøver å ikkje låse meg heilt fast i tilfelle det skjer ting eg ikkje kan kontrollere. Eg har ingen «overtruiske» rituale eg må gjennomføre.
Favorittmat/drikke:
Eg er altetande.
Beste løpsminne?
Eg har mange gode løpsminne frå ei lang karriere, men tre løp skil seg nok ut opplevingsmessig. 13:37 på 5000 meter på Bislett i 2021 var det perfekte løpet der alt stemte og gir meg framleis ei god kjensle når eg tenker tilbake på det. Første gongen under 30 minutt på mila under NM i Sandnes i 2017 og første seniormedalje då eg tok sølv i NM terrengløp på «heimebane» i Vik det same året var også stort. Felles for desse tre løpa var at det gjekk betre enn håpa, noko ein sjeldan opplever i denne bransjen. EM i terrengløp i Slovakia i 2017 med Ingebrigtsen og co. var også ei stor oppleving, sjølv om sjølve løpet ikkje var det beste.
Beste minne frå Jølster Maraton?
10 km-debuten i 2008 då eg sprang på 34.37 som 16-åring og løyperekorden i 2021 på 29.23 er nok dei beste minna.
Kva er det du likar med å delta på Jølster Maraton?
Eg likar det meste med arrangementet. Folka, stemninga, vêret og dei raske løypene!
Ser vi deg 1. juli i år?
Ja, det trur eg. Stiller sannsynlegvis på 5 km som siste harde gjennomkøyring før hovud-NM helga etter.
Foto: Frå 10 km 2021, Kondis.