Intervju med Knut Olav Øygard


Alder: 31 år
Bustad: Oslo
Klubb: Jølster IL
Favorittdistanse: 3000m på bane og 10 km gateløp
Beskriv deg sjølv med tre ord: Blid, omtenksam og tilpassingsdyktig.

Kva for trening likar du best?
Lange terskeldrag eller roleg jogg med ein god podcast på øyret.

Korleis ser ei typisk treningsveke ut for deg?
Pendlejogg tur-retur arbeid måndag-fredag 6 km kvar veg. Litt intensitet på ein til to av desse. Lang terskeløkt laurdag og to rolege joggeturar søndag (bytast ut med skitur om vinteren). Totalt 60-100 km i veka.

Deltek du ofte i konkurransar?
Nei, men prøver å få til tre til fem konkurransar i løpet av året.

Om du har bestemte ritual før konkurranseløp, kva er det?
Lett intervall, til dømes 6 x 200 meter tre dagar før konkurranse. På konkurransedagen startar eg dagen med 10 minutt jogg for å skjerpe kroppen. Halvannan til ein time før start blir det to Red Bull.

Favorittmat/drikke:
Det varierer, men akkurat no er det risotto og lettbrus av ymse slag.

Beste løpsminne?
Individuelt er det andreplassen på ungdomsmeisterskapen for G17 på 3000 meter. Den beste dagsformen eg har hatt, og ei kjensle av at alt klaffa. Holmenkollstafetten med Jølster er også eit årleg høgdepunkt.

Beste minne frå Jølster Maraton?
Mange gode minne. Maratondebuten i 2016 var nok både det kjekkaste og vondaste på same tid.

Kva er det du liker med å delta på Jølster Maraton?

Eigentleg ingenting eg ikkje likar med Jølster Maraton. Blid og hyggeleg arrangørstab, natur utan sidestykke, engasjert publikum og ein trasé som byr på moglegheit for gode tider. Einaste «minuset» er at det har ein tendens til å vere den varmaste helga i året, men det er totalt sett positivt for arrangementet sin del.

Ser vi deg 1. juli i år?
Det ser dessverre ut som at det ikkje passar i år. 

Foto: Frå 10 000 m på Førde stadion i 2021 (Knut Olav til venstre). Firda.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle