Intervju med Marius Vedvik

I høve Jølster Maraton sitt 40-årsjubileum har vi intervjua profilerte løparar som har delteke på Jølster Maraton opp gjennom åra. Første mann ut er Marius Vedvik.

Namn: Marius Vedvik
Alder: 31 år
Bustad: Førde
Klubb: Gular
Favorittdistanse: 3000 meter
Beskriv deg sjølv med 3 ord: Sporty, positiv, ambisiøs

Kva for trening liker du best:
Korte drag i piggsko i konkurransefart, gjerne 200-300 meter.

Kva er ei typisk treningsveke for deg?
Roleg trening måndag, onsdag, fredag og søndag. Intervall tysdag og torsdag og skikkeleg hardøkt laurdag.

Deltek du ofte i konkurransar?
Eg har hatt år med 40-50 konkurransar, men i det siste har eg redusert til 20-30 løp i året.

Har du nokre ritual før løp?
4 km oppvarming før drill, stigningsløp 20 minutt før start.

Favorittmat og drikke?
Speilegg og Taffel.

Kva er ditt beste løpsminne?
5000 meter på 13.29.46 i 2019.

Kva er ditt beste minne frå Jølster Maraton og kva likar du med arrangementet?
14.02 og løyperekord på 5 km i 2014. Ein varm og nydeleg dag.
Løpet er lokalt, løypa er rask og det er masse kjentfolk der.

Ser vi deg 1.juli i år?
Neppe, det passar dessverre ikkje i år.

Foto: Arne Dag Myking

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle