Intervju med Vera Vigunante Nystad

Namn: Vera Vigunante Nystad

Alder: 77 år

Bustad: Søgne, Kristiansand

Klubb: Søgne IL

Favorittdistanse: Maraton

Beskriv deg sjølv med tre ord: Treningsvillig, positiv og glad.

Kva trening likar du best?

Å løpe på asfalt med nokre innslag av terrengløyper.

Korleis ser ei typisk treningsveke ut for deg?

Spring ut kl. 7 om morgonen i alt slags vêr. Spring ganske roleg i ca. 2 timer og 15 minutt. Gjennomsnittleg 100 km i veka.

Deltek du ofte i konkurransar?

12 til 15 gongar i året.

Om du har bestemte ritual før konkurranseløp, kva er det?

Nei, eg har ingen rituale.

Favorittmat/drikke:

Eg et vanleg næringsrik mat som alle vaksne folk et. Ingen favorittar, utanom fisk til middag ca. tre gongar i veka. Eg drikk kaffi, mjølk og vatn.

Beste løpsminne?

Tenzing Hillary Marathon (Everest). Start ved Bace Camp 5364 meter over havet. Eg brukte 12 dagar opp og i underkant av ni timar ned. Nøyaktig 08:55:50. Den maraton i verda som ligg høgst over havet.

Beste minne frå Jølster Maraton?

Verdsrekorden og den gode hjelpa eg fekk av Svein Rune Johannesen. Den var uvurderleg.

Kva er det du likar med å delta på Jølster Maraton?

Atmosfæra, koselege omgivnader, den gode stemninga og dei hyggelege arrangørane. 

Ser vi deg 1. juli i år?

Litt usikker i år, men har god lyst.

Foto: Frå Jølster Maraton 2021, verdsrekord.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle